Utleige

UTLEIGE:  I kontortida på kvardagar kl 10.00 - 15.00 eller på e-post til kulturhuset@stord.kommune.no

STORSALEN (Amfisal 408 sete)  

IDEELLE:  Inntil tre timar på dagtid 1.000 Over 3t. på dagtid og helg/ kveld 3.000

PRIVATE / VERKSEMDER: Inntil tre timar på dagtid 2.750 Over 3t.på dagtid og helg/ kveld 5.500

Tilskipingar med billettsal: Grunnleige (3.000 / 5.500 ) + 15 % av billettintekter over kr 10.000. Billettavgift: Kr 10 pr billett. 

Husets lys og lydutstyr (pr. framsyning) Ideelle: Kr. 750. Private / verksemder: Kr. 1500. Lysteknikar pr dag (inntil 10 timar): Kr. 3 500, deretter kr. 650 pr time.

Flygel-/ Pianostemming Kr. 1 500

SMÅSALEN (Amfisal 136 sete) 
KONFERANSE ELLER LIKNANDE (Inkluderer ein mikrofon og projektor): 

IDEELLE: nntil tre timar på dagtid 1.000. Over 3t.på dagtid og helg/ kveld 3.000
PRIVATE / VERKSEMDER: Inntil tre timar på dagtid 2.750. Over 3t.på dagtid og helg/ kveld 5.500

Tilskipingar med billettsal: Grunnleige + 15 % av billettintekter over kr 10 000. Billettavgift: Kr 10 pr billett. 

MØTEROM (2 stk.) "Tresmyro": 25 stk og "Vikjo": 12 stk.
Ideelle: Kr 300 inntil 3 timar. Private / verksemder inntil 3 timar: Kr 550. Utover 3 timar kjem eit tillegg på Kr. 100 / 150 pr. time


KUNSTHALLEN   

Utstillingslokale som også kan nyttast til mindre konsertar/ møte. Det er ikkje faste stolar i kunsthallen, men det er eit lager like ved med stolar og bord som ein kan nytta seg av.

Ideelle: Kr. 600. Private / verksemder: Kr. 1 100. 10 % av inntekter over Kr. 7 000.
Utstilling pr. dag: Ideelle: Etter avtale / Kommersiell/privat: Kr 250 pr. dag + 10 % av innt. over kr 7 000.

KULTURSENTERET
Lokalet er delt inn i tre rom: Samlingsrom med stolar og bord (omtrent 35 personar), eit mindre "danserom" og kjøken.

VESTIBYLE
Ideelle Kr. 3 000. Kommersiell/ privat Kr 6 000. Dersom inntekt: 15% av inntekt over Kr. 10 000. Tillegg for arr. som krev ekstra reinhald (døme. Laurdag kveld): Kr 2 000  

SYMJEHALLEN
I symjehallen er det eit hovudbasseng (25m x 12,5m) Temperatur ca 28 grader og eit lite basseng for barn, ca 32 grader.

Symjehallen i Stord kulturhus skal vera ein møtestad der tryggleik og hygiene alltid er i fokus. Utleigar er ansvarleg for at gjeldande lover og forskrifter vert følgde opp, difor er det naudsynt at alle leigetakarar innfrir dei krava me stiller til utleige. 

Det er ein føresetnad at det er kompetente livreddarar til stades ved utleige av symjehallen. Stord kulturhus sine badevakter kan leigast inn, eller leigetakar må sjølv stilla med naudsynt kompetanse. I siste tilfellet må det fyllast ut ein eigen ansvarserklæring føre utleiga kan stadfestast. 

PERSONALE
Kulturhusvert utanom vanelg opningstid: Kr 820 pr. time inkl. m.v.a. Lysteknikar pr dag (inntil 10 timar): Kr 3 500, deretter Kr 650 pr time.

LEIGEVILKÅR / LEIGEREGLEMENT

Leigetakar plikar å setja seg inn i dette leigereglementet og oppslag for rømingsvegar (dette finn du i lokalet). Leigetakar er ansvarleg for å evakuera alle personar i leigte lokale via næraste rømingsveg. Øverste brannansvarleg er Stord kulturhus sin kulturhusvert (910 00 393).

Leigetakar kontaktar Stord Kulturhus, kiosk opplåsing/ stenging av lokale. 

Leigetakar skal sørga for at leigte lokale er klargjort for ny utleige etter bruk. Det vil seie at leigetakar har ansvar for all rydding. Stolar og bord skal setjast attende slik dei var plassert før utleiga. Om bord og stolar er henta frå lager eller andre lokale, skal dette setjast på plass att på ein ryddig måte. Har ein nytta kjøken/ kjøkenutstyr skal alle benkeflater reingjerast, og alt bestikk, glas e.l. skal setjast inn i oppvaskmaskin. Denne må setjast på før ein forlet lokalet. Gje melding til kulturhusvert om at oppvaskmaskin er satt i gong.

Ved skade eller tjuveri som gjeld Stord kulturhus sitt anlegg/ inventar/ utstyr under utleigeperioden, er leigetakar erstatningspliktig.

Ved utleige av symjehallen gjeld spesielle vilkår. Om ein ikkje nyttar seg av kulturhuset sine badevakter må det signerast ansvarserklæring.

All utleige under Kr 1 000 skal betalast kontant/ med kort i billettsalet i opningstida.