Storm Weather Shanty Choir

Om arrangementet

Sjantijubileum

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Steinar Vatle, som har mastergrad i sjantitradisjonen, har Storm Weather Shanty Choir vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan, USA og Tyskland, og eit utal rocke- og folkemusikkfestivalar over heile landet.


Etter 20 år med sjømannsviser er det på tide å feire eit aldri så lite jubiléum, og det gjer dei seks karane som alltid, med plakatar med tekst på omkveda. SWSC har gjeve ut seks plater sidan oppstarten, og den sjuande er like om hjørnet.  Bandet har årleg rundt tre millionar strøymingar på Spotify o.l., noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor.