Stord Teaterlag: Folkeeventyra - The Musical
Om arrangementet
Bli med Stord Teaterlag på ein ny og morosam vri på eventyra me kjenner så godt frå før!
I "Folkeeventyra - The Musical" reiser Asbjørnsen og Moe gjennom eventyrland for å finna forteljingar til den nye boka si, som dei håper endeleg kan gi dei "cash i kassa"!
På vegen gjennom bygda til Kongsgården møter dei mellom anna Pannekaka, Dovregubben, Dei tre bukkane Bruse, prinsesser og Espen Askeladden (eller var det eigentleg Espen Arne han heitte?). Bli med Stord Teaterlag på ein ny og morosam vri på eventyra me kjenner så godt frå før!
Høver for alle, men kanskje best for dei frå 5 år og opp.
Varer i ca. 2 timar med pause
Idé og tekst: Håkon T. Nielsen / Musikk: Thomas Gunnari Røtting
