Songlaget Stordabuen: Stord, verda og musikken – 1980-åra

Om arrangementet

Songlaget Stordabuen mimrar om 1980-åra

Songlaget Stordabuen er attende i Kulturhuset, i haust med ei framsyning bygd på popmusikk frå 1980-åra. Leisten er den same som dei to siste åra, då musikken frå 1960- og 1970-åra var tema. Begge gjekk for tre fulle kulturhus.

Det er berre å gle seg. Det populære blandakoret tek verkeleg tiåret på pulsen og lovar gjenhøyr med artistar som A-ha, Michael Jackson, Madonna, Toto, Carola, USA for Africa, The Bangles og mange andre.

Fire forteljarar hjelper publikum med mimringa. Kanskje er Alexander Kielland-ulukka, eksplosjonen ved kjernekraftverk i Tjernobyl og mordet på Sverige’s statsminister Olof Palme dei sterkaste minna frå tiåret for mange. Men om ein tenkjer etter, dukkar det opp minne om andre og meir kvardagslege storhendingar som Walk Man, moviebox, hockeysveis, Pizza Grandiosa og taco. Og så må me ikkje gløyma det fantastiske året 1985, då Bobbysocks endeleg førte Noreg til topps i Melodi Grand Prix, medan A-ha trona øvst på dei internasjonale hitlistene med Take on Me.
Så mykje meir skal me ikkje røpa, anna enn at dette blir ein oppkvikkande halvannan time i Kulturhuset for heile familien.

Ide, manus og musikalske arrangement er ved koret sin dirigent, Torleiv Agdestein. Forteljarar er Knut Vika, Gerda Øen, Laila Føyen og Britt Guri Bjelland, alle med glimt i augo og gode kunnskapar om tiåret.


Premieren er laurdag 24. oktober 2020. Det er framsyningar sundag 25. oktober, onsdag 28. oktober og torsdag 29. oktober. Alle framsyningar går med redusert tal publikum, i tråd med helsestyresmaktene sine tilrådingarNB!Me oppmodar publikum om å kjøpa billettar på nettet