Riksteatret: Pust

Om arrangementet

Ei moderne kjærleikshistorie.

Dei står i køen på Ikea. Eit barn? spør han plutseleg. Skal me starta ein familie? Ho blir overrumpla Må ut. Eg treng ein augneblink, seier ho.

I ein serie lynraske scenar vert ei moderne kjærleikshistorie fortalt. Me er med gjennom ein samtale som varer livet ut. Det handlar om dei små og store vala me gjer i liva våre. Replikkane går som ping-pong. Den britiske dramatikaren Duncan Macmillan har sjølv omtalt stykket som ei blanding av stand up, dans og brytekamp. Det er som å tjuvlytta til ein privat samtale. Det er morosamt og gripande. Lett å kjenna seg att i. Sjølv når verda står på hovudet og kloden ikkje er til å kjenna igjen. 

"Pust" blir sett opp over heile verda, no sist i London og på Broadway i New York med hovudrolleparet fra The Crown sesong 1-2. I Riksteatret sin versjon møter du dei to unge og lovande skodespelarane, Kamilla Grønli Hartvig og Axel Bøyum. Mange vil kjenna Axel fra TV-seriane Heksejakt, Heimebane og Øyevitne. Kamilla er snart aktuell i ein ny serie på HBO Nordic. Ingrid Olava står for musikken og regien er ved Marie Blokhus. 

 

Av Duncan Macmillan. Oversatt av Michael Evans

Forlag: Teaterforlaget Colombine

Framsyninga varer i 1 time 30 minutter (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 16. sep 2020

Turnépremiere: Kristiansand 25. sep 2020

Produsert av Riksteatret.

"Dei slåst og elskar med ein rytmisk eleganse." Dag og Tid
"Et sterkt bilde på det å være menneske - sammen og alene." Valdres
"Om å forsøke å være et godt menneske i en kaotisk tid" Aftenposten
"Eit bilete på tida me lever i" NRK

På scenen: Axel Bøym og Kamilla Grønli Hartvig

Kunstaleg team:

Marie Blokhus- regissør, Katja Ebbel Frederiksen - kostymedesignar, scenograf, Ingrid Olava- komponist, Oscar Udbye - Lysdesignar og Nils Wingerei - Lyddesignar