Riksteatret: Peer Gynt

Om arrangementet

Kva tid var du deg sjølv? Opplev Anders Baasmo som Peer Gynt i Ibsens meisterverk!

Riksteatret samlar nokre av dei beste skodespelarane i landet i ein heilt ny versjon av Peer Gynt. Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsen sitt meisterverk. Kva skjer med vår oppfatning av Peer Gynt når me kjem tett på, heime i kjøkenet hos Peer? Kven var han eigentleg, og kvifor flykta han alltid frå seg sjølv?

–Jeg har alltid hatt lyst til å spille Peer Gynt, seier skodespelar Anders Baasmo. – Hvis vi gjør det på den riktige måten, tror at jeg at vi kan komme nærmere kjernen, nærmere det stykket egentlig handler om. Jeg håper vi kan lage en forestilling som gjør at folk kan kjenne igjen mer av seg selv i Peer.

Anders Baasmo sett seg i turnébussen saman med Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen.

Riksteatret si framsyning er eit spennande møte med Ibsen sin klassikar - ei framsyning for alle, enten du er Ibsen-kjennar eller møter Peer for første gong. 

 

På scenen
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen

Team
Regissør: Ole Anders Tandberg, Scenograf: Erlend Birkeland, Kostymedesignar: Maria Geber, Lysdesignar: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Komponist: Joel Sahlin, Dramaturg: Øyvind Berg og Produsent: Emnet Kebreab

 

Av Henrik Ibsen. Bearbeidd av Ole Anders Tandberg. Omsett av Øyvind Berg.

 

Framsyninga varer i 2 timar 20 minuttar (inkludert pause).

 

Premiere: Oslo / Nydalen 26. aug 2020

 

 

 

 

Produsert av Riksteatret