Riksteatret: Barn/ familie

Om arrangementet

Med Det Andre Teatret - for hele familien Så gøy at ein aldri treng å gå på teater igjen!

Drøymer du om å sjå ei teaterframsyning om det aller kulaste du veit, eller få vera med på å bestemma kva verdas beste framsyning skal handla om? Då må du ta turen til kulturhuset! Verdens nest kuleste forestilling er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på éin gong! 

Det Andre Teatret har markert seg som eit av dei mest leikne og innovative teatera me har i landet, med nokre av dei morosamste folka på scenen. No legg dei ut på vegen saman med Riksteatret. I samarbeid med publikum skal dei laga verdas beste impro-show for heile familien, der små og store får vera med på å bestemma kva som skal skje. Når borna får bestemma kan allting skje! 

Ei underhaldningsbombe for heile familien – for barn fra 5 år. 

 

Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 1. okt 2020

Turnépremiere: Jessheim 5. okt 2020

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Andre Teatret

 

På scenen

Skodespelarane Cathrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Kristine Grændsen, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O. Thingelstad og Olli Wermskog. 

Kunstnarleg team

Tony Totino- regissør, Monica Valsø -scenograf, Jenny Bernson - kostymedesignar, Henrik Stoltz Ernegg - lysdesignar, lyddegsignar, Mats Eldøen - kunstnarleg ansvarleg ved Det Andre Teatret, Wenche Viktorsdatter Paulsen - produsent og Silvia Rodriguez Gimenez - koordintaor DAT.