Siri Økland og Sigbjørn Apeland

Falturiltu og Valenheimen presenterer ei musikalsk-litterær framsyning med Siri Økland og Sigbjørn Apeland.

I si nye diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho let også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk pa° slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det og finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til. Siri Økland er opprinneleg frå Stord, har hovudfag i litteraturvitskap og har i mange år arbeidd som journalist i Bergens Tidende.

Organisten Sigbjørn Apeland er etterspurt over heile verda for sin heilt unike miks av folkemusikk, kyrkjemusikk og fri-improvisasjon. Han har spelt mykje med folk som Nils Økland, Sigrid Moldestad, Åsne Valland Nordli, Berit Opheim, Håkon Kornstad og Sondre Bratland.
.
Foto av Siri Økland: Marita Aarekol
Foto av Sigbjørn Apeland: Magne Sandnes

Billettar til Siri Økland og Sigbjørn Apeland

  1. Søn 3. nov kl 16:00 150 kr   Valenheimen Sveio Falturiltu Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_