Marco Elsafadi: Inkludering, samspel og ansvar

Ein prisvinnande føredragshaldar og ildsjel som alltid treffer publikum.

Marco er fødd i ein FN-leir i Libanon og var flyktning i 12 år før han fekk opphald og seinare statsborgarskap i Noreg i 1987. Han har utmerka seg som basketballspeler i eliteserien med 12 år på det norske landslaget.

I 2002 stifta han organisasjonen New Page som fram til 2011 jobba med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk, skuleskulk, fritidsproblem og vald. I løpet av tre år ekspanderte organisasjonen til 60 tilsette og blei dermed ein veldig viktig støttespelar for barnevernet i Oslo, Bergen og Stavanger. Han held også mykje føredrag om emne relatert til denne erfaringa.

I 2009 endra livet til Marco Elsafadi seg dramatisk. Han blei ramma av ein nervesjukdom som førte til at han måtte sitja i rullestol. Legane fortalte han at vegen tilbake ville bli tung, og med knallhard trening, enorm viljestyrke og eit positivt fokus klarte han å kjempa seg ut av rullestolen att.


Billettar til Marco Elsafadi: Inkludering, samspel og ansvar

  1. Lau 23. nov kl 11:00 Storsalen IKK 30 år Ope
Vis hele programmet
_
_
_