Gruvegrøss

Forfattar Tor Arve Røssland formidlar frå den grøssande boka Svarte-Mathilda inne i gruvene på Litlabø

Venelaget for Gruo og Sunnhordland museum losar oss trygt inn i dei mørke gruvegangane. Høver for alle frå 10 år.

Svarte-Mathilda handlar om fjorten år gamle Elisabeth som flytter inn i ei ny leilegheit saman med mor si. Dei flyttar til ein forstad til Bergen. Storebror til Elisabeth er akkurat blitt drepen i ein brann, og foreldra har skilt lag. Elisabeth merker med ein gong dei kjem inn i leilegheita at noko er gale. Det er nokon ubeskriveleg ekkelt der inne. Det heng ein gamal spegel på badet som gjer henne frysingar nedover ryggen.

Billettar til Gruvegrøss

  1. Ons 6. nov kl 17:00 100/50 kr   Gruvemuseet Litlabø Falturiltu Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_