Eva Weel Skram

Eva Weel Skram opnar årets Falturiltu! Nyleg slapp Eva sitt første album «Finne Heim» med norske tekstar til strålande mottaking. Ho har fått eit stort og trufast publikum landet over, og me kan lova ein særs stemningsskapande konsertkveld!

Heilt sidan Eva byrja å syngja på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsartisten, og høgdepunkta frå dei siste åra er mange. Nye hitar frå albumet har blitt sleppt som perler på ei snor, og konsertpublikummet kan gleda seg til å høyra favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til både stev og Eva sine vakre tolkingar av Ole Paus og Henning Kvitnes.

Konsertane er smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete, og Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist; Thomas Stenersen.

Foto: Skjalg Ekeland

Billettar til Eva Weel Skram

  1. Fre 1. nov kl 19:00 430 kr   Storsalen Falturiltu Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_