Bokprat med bokmat

Vaksenbokkveld i regi av Stord mållag og Falturiltu! Klassikartimen: Helge Jordal i samtale med Rune Belsvik om "Ingen drittunge lenger" og Ragnar Hovland deler smakebitar frå den nye boka si.

Inkludert i billetten er sushi og annan fingermat, laga delikat til av meisterkokk Michael Reddington, som du kan lesa meir om på denne lenka.  Til denne gode maten og litteraturen vert det høve til å kjøpa leskande drikkevarer.

"Ingen drittunge lenger" av Rune Belsvik har nådd å bli ein klassikar, ei bok mange har eit spesielt forhold til. Blant desse finn me skodespelar Helge Jordal, som var den som las inn boka for NRK i si tid. Forfattaren og skodespelaren møtest i ein samtale om boka i klassikartimen.

Ragnar Hovland kjem med ny bok til våren, og lovar å gje oss nokre smakebitar:
https://www.ba.no/pulsen/kultur/bok/ragnar-hovland-matte-utsette-boken/s/5-8-915411

Pris: 350,- / 300,- for medlemmer av Stord mållag

Billettar til Bokprat med bokmat

  1. Tor 7. nov kl 19:30 350 kr   SKL-bygget Falturiltu Utseld
Vis hele programmet
_
_
_