MAKE

Barmen & Brekke - Tre og keramikk

Frå heimesida til Barmen & Brekke: 

Barmen & Brekke er eit samarbeid mellom Per Tore Barmen og Siri Brekke tufta på ei felles interesse for handverk, material og tradisjonelle teknikkar. Barmen er utdanna med sveinebrev i treskjæring og som ingeniør i 3D modellering. Han har vore utøvande i yrka i over 20 år. Brekke har bakgrunn i folkekultur- og produktdesignstudier og har eit hovudfag i keramikk frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2005. Ho har vore verksam som kunstnar i Bergen, og stilt ut i inn- og utland i over 10 år. Barmen & Brekke byrja å jobbe saman i 2015, og sel sine arbeid blant anna på KODE, kunstmuseene i Bergen, Nasjonalmuseets butikk i Nasjonalgalleriet, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim og Metropolitan Museum of Art i New York. Dei har og vil vere del av fylgjande utstillingar:

2018: UNiK, Galleri Format, Oslo

 2018: TENDENS Interiør- og designmesse, Bergen

 2017: Nils Aass Kunstverksted, Inderøy

 2017: Bømlo Kunstlag

 2017: Multiply. KRAFT- Rom for kunsthåndverk. Bergen

 2017: Everything is connected- Norwegian contemporary crafts and design.

 Milan Design Week

 2017: Multiply. Hå Gamle Prestegård/Møbelgalleriet Stavanger.

 2017: Structure – Norwegian contemporary crafts and design.

 Felleshus. Nordische Botschaften. Berlin

 2016: Norway Designs, NÅ Vol.3 «SEKSTEN»

2016: Norske Kunsthåndverkere. Oslo Design Fair

 2016: Structure – Norwegian contemporary crafts and design, Oslo Design Fair

 2016 : Structure – Norwegian contemporary crafts and design, Milan Design Week

 2015 : Norway Designs, NÅ Vol.2 «SKALA»

No i 2019: Utstillinga MAKE i regi av Stord Kunstlag.    


Billettar til MAKE

  1. I dag kl 18:00 Kunsthallen Ope
  2. Tor 24. okt kl 18:00 Kunsthallen Ope
  3. Lau 26. okt kl 12:00 Kunsthallen Ope
Vis hele programmet
_
_
_