Haugesund Teater: KORPS av Knut Nærum

Ei humoristisk kjærleikserklæring til korpslivet! Saman med Langeland Skulekorps, Rommetveit Skulekorps, Stord Skulekorps og Sagvåg Skulekorps

Silje spelar klarinett. Emil spelar baryton. 

Emil: "Du vet, når de snakker om kjærleighet ved første blikk? Det var det ikke" 

Det er ikkje berre Silje og Emil som blir kjent gjennom korpset. På dugnad møtest foreldre og naboar også, anten dei vil eller ikkje. I ein smeltedigel av kjensler, nostalgi, personleg agenda og oppofrande engasjement blir me kjente med alle dei som gjer korps til korps, og me blir kjente med dei som driv frivillignoreg. 

Korps er ei teaterframsyning som hyllar korpslivet i bygd og by. Knut Nærum sin Ibsenpris-nominerte tekst er full av varme og humor og gir kvart enkelt korps høve til å skina på scena i møtet med to eminente skodespelarar!


Framsyninga er originalt produsert av Teater Innlandet og er eit samarbeid mellom Haugesund Teater og Den Nationale Scene.

Korps blei nominert til Ibsenprisen 2018


PÅ SCENEN:

Henrik Bjelland

Ameli Isungset Agbota


KUNSTNERISK TEAM

Regi: Janne Langaas

Manus: Knut Nærum

Scenografi: Kristin Bengtson

Lysdesign: Kåre Nordseth





Billettar til Haugesund Teater: KORPS av Knut Nærum

  1. Tor 28. nov kl 19:00 320 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_