Om huset
Generell informasjon
Stord kulturhus vart oppført i 1978 og har status som eit regionalt kulturhus. Me legg vekt på å vera eit inkluderande og levande hus for alle aldersgrupper. Stord kulturhus er drifta av Stord kommune.
Du kan dessverre ikkje ta med hund inni huset. Du kan ikkje rulla eller sykla inne i huset.
Vanlege Opningstider
Måndag - torsdag 09.00 - 21.15/ Fredag 09.00 - 21.15 / Laurdag 10.00 - 18.00 Sundag 14.30 - 21.15
(Telefonnummer kulturhusvert: 910 00 393)
Informasjon / kiosk
Måndag til torsdag 09.30 - 20.00 / Laurdag 10.00 - 16.00 / Fredag 09-30 - 21.00 og Sundag 14.30 - 21.00 Telefonnummer 53 49 69 66.
(Biblioteket: 53 49 69 70. Kulturskulen: 53 49 67 98)
FØRSTE ETASJE:
STORSALEN: 408 seter. Tilhøyrande garderobeanlegg med 2 sminkeceller og eit større arbeidsrom.
SMÅSALEN: 136 sete.
SYMJEHALLEN
UNDERETASJE
KUNSTHALLEN. Utstillingslokale som og kan nyttast til konsertar, møter e.l. Kapasitet: ca. 100 personar.
LEIGEPRISAR: Ideelle: Kr 600. Kommersielle/ Private: Kr 1 100. 10% av inntekter over kr 7 000.
UTSTILLINGAR PR DAG: Ideelle: Etter avtale. Kommersielle/ privat: Kr 250 pr dag + 10% av inntekt over kr 7 000.
KULTURSENTERET. Møte/festlokale med tilhøyrande kjøken og "dansesal" Kapasitet: 35-40 personar.
Pris lag/org: Kr 500 for inntil 3 timar, tillegg utover tre timar kr 100 pr time. Private: Kr 600, tillegg etter tre timar kr 200 pr time. (Betaling for leiga i kiosk).
Mandagsklubben og Onsdagsklubben sitt faste klubblokale.
Utsmykking i kultursenteret: VISUELT DEMOKRATI. Eit treårig kunstprosjekt initiert av Rita Marhaug i samarbeid med Foreningen Trykkeriet i Bergen. Støtte frå Hordaland fylkeskommune. Bergen kommune har også bidrege med et mindre prosjektstøttebeløp. Kunstnar Dino Dikic har laga tapetveggar i lag med fangar frå Bjørgvin fengsel.
2. etasje:
Stord folkebibliotek
Kulturadministrasjon/ eining for kultur
Administrasjonen til Stord kulturskule
TO MØTEROM: Tressmyro (25 stk) og Vikjo (10 stk):
Ideelle Kr 300 og Kommersielle/ private Kr 550 for inntil 3 timar. Utover tre timar kjem eit tillegg på Kr. 100 / 150 pr time ( Betaling for leiga i kiosk).