"Oskar og eg" med Maria Parr & Åshild Irgens

Om arrangementet

I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, om cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.

Oskar og eg fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2023. I 2025 kom oppfølgaren "Oskar og eg: Alle tinga vi har".

Møt forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens, som les, forteljar og teiknar frå boka.

Gratis framsyning - reserver plass ved å bestilla billett merka Gjest eller Gjest barn.