Lytt & prat - ei sosial lesestund
Om arrangementet
Lytt og prat er ei roleg og inkluderande form for sosial lesing der vi les korte tekstar i lag med rom for å kjenna etter og dela tankar undervegs.
Sosial lesing skaper eit rom der litteraturen får tid til å synka inn, og der ulike perspektiv får koma fram. Det handlar ikkje om å tolka «rett», men om å kjenna etter kva teksten gjer med oss.
Ein bibliotekar les høgt ei tekst og inviterer til samtale om det vi nett har lese. Du treng ikkje førebu noko på førehand, og det er heilt lov å berre lytta. Det blir enkel servering med kaffi, te, kjeks og litt frukt.
OBS! Samlinga 4. november har anna tidspunkt enn dei andre. Då blir det Lytt & prat kl. 19:00-20:30.
Det er gratis å delta. Meld deg på ved å reservera gratisbillett.
Foto: Rahime Gül
