Jul med Lubbenissane
Om arrangementet
16 år etter at Lubbenissane tok til med Lubbefabrikken er det i år travlare enn nokon gong. Dei ivrige Nissane gjer sitt beste for å bli ferdig til jul. Men det ser spøkje ut om dei klarar det. Difor blir det go-stemning i fabrikken når Pittelitlelubbenissen bankar på døra og spør etter arbeid. Sjølvsagt skal ho få seg jobb.
Fjørfanten fra Fjellgardane kjem. Kaklekoret, Storagubben og Lubbehestane kjem, Da blir skreining på kjelken og dei heldige får seg ein durabelig krakkakos til å varma seg på. Ja, sjølv ikkje ein feilstrikka lubbe klarer å leggja dempar på den gode stemninga då Piddien Daffen og Laffen brått dukkar opp.
Spelestad: Ungdomshallen, øvst i Borggata- Det er tilgjenge for rullestolbrukarar via parkeringshus på baksida.
