Livet er eit endelaust dikt!
Billettar
Om arrangementet
Poesi og song med Einar Økland, Cecilie Anna og Svein Olav Langåker.
Musikar Cecilie Anna har tonesett dikt og syng, Einar Økland les eigne tekstar, medan Svein Olav les dikt og leiar samtalen.
Framsyninga er innom livets store tema som Mor, Kjærleik og Dyr. Fire forfattarar – Vinje, Hauge, Lillegraven og Økland - blir presenterte side ved side. Det heile blir avrunda med ein samtale mellom Einar, Cecilie Anna og Svein Olav om desse sentrale nynorske lyrikarane, og om song, musikk og nynorsk som dei alle brenn for på ulikt vis.
For fleire år sidan tonesette Cecilie Anna det første diktet av Einar Økland, som då var festivalforfattar på Falturiltu-festivalen.
Ho fortel: «Eg blei beden om å opna festivalutstillinga på Galleri Giga med illustrasjonar frå barnebøkene til Einar. På veggen fann eg det aller minste diktet, som eg også syntest var det finaste: «Eit lite ønskje før jul». Då eg tonesette det, kom delar av songen «Power of Love» (Jennifer Rush) sungen av Celine Dion inn i hovudet mitt, og slik let eg det vera: 50 prosent Cecilie Anna og 50 prosent Jennifer. Før eg skulle syngja på opninga, spurde eg Einar, som var i publikum, om han hadde hatt Celine Dion i tankane då han skreiv diktet. Det kom eit tørt «nei» frå forfattaren. Sidan då har me vore vener».
Om utøvarane:
Cecilie Anna Rønhovde kjem frå Stord og har gjeve ut tre album med eigen musikk.
Svein Olav Langåker kjøpte si første bok av Einar Økland som nittenåring.
Einar Økland er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur.
