Ibelin

Om filmen

Originaltittel: Ibelin

Premiere: 2024-03-08

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Dokumentar, Animasjon

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Original

Regissør: Benjamin Ree

"Hjerteskjærende god" (NRK) "Noe helt for seg selv" (Aftenposten) "Dokumentar i verdensklasse" (Adressa) "Enestående, følsom og genial dokumentar" (Cinema) "Ibelin” is powerful cinema - a moving masterwork (Variety) Gameren Mats Steen døydde av ein muskelsjukdom berre 25 år gamal. Foreldra hans sørgde over det dei trudde hadde vore eit einsamt og isolert liv, då dei brått starta å få meldingar frå online-vener av Mats over heile verda. Filmen gjenskapar det rike livet til Mats sin avatar «Ibelin» i spelverda på banebrytande vis. Alt er basert på verkelege hendingar og dialogar, henta frå tusenvis av sider rollespel-logg i World of Warcraft. I tillegg får vi sjå unike arkivopptak frå oppveksten og intervju med fleire av venene Mats fekk gjennom spelet. "Ibelin" er ein innovativ hybriddokumentar med fiksjonselement - ei sjangerblanding me sjeldan ser. Den hadde verdspremiere i Sundance 18.1, der den både vann pris for beste regi og publikumsprisen. Den vart samtidig vist på Tromsø filmfestival, der den også vann publikumsprisen. På Gøteborg filmfestival 3. februar vann den Dragon Awards, prisen for beste nordiske dokumentar.

Benjamin Ree sin førre film "Kunstneren og tyven" vart selt til 80 land og har vunne over 30 prisar, nokre av dei på verdas største filmfestivalar, som Sundance, London og Hong Kong. Filmen vart i 2020 kåret til ein av årets beste av bl.a. BBC, Boston Globe, The Washington Post og New York Times. Filmen vart også short lista til Oscar. Ree sin første langfilm "Magnus", om sjakksensasjonen Magnus Carlsen, hadde verdspremiere på Tribeca-festivalen I New York og er selt til 60 land. Ree er utdanna journalist og har tidlegare laga dokumentarar og reportasjar for BBC, Reuters, NRK og VGTV. For VGTV har han bl.a regissert "Drømmen om kongeørnen" (premiere IDFA 2012), "Da Ailin kysset Lars" (2014) og "Homoterapi" i 2019 - som nyleg førte til forbud mot konverteringsterapi.