Flygel til lunsj: Vårstemningar

Om arrangementet

Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran), Marita Kjetland Rabben (flygel)

Den første vårdagen nærmar seg! I konserten «Vårstemningar» har cellist Aage Kvalbein, sopran Maren Myrvold og pianist Marita Kjetland Rabben sett saman eit variert konsertprogram med norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk. Konserten rommar heile kjenslespekteret; glede, sorg, latter, gråt og brennande kjærleik!

Trioen presenterer musikk av bl.a. de Falla, Massenet, Schumann og Fauré. Kvalbein og Rabben framfører også første sats frå Griegs store cellosonate, og andre stykke for cello og klaver.

Publikum får også høyra eit utval songar frå vise- og tangorepertoaret, som på ulikt vis speglar våren sine mange stemningar - som me lengtar etter etter ein lang vinger.

Om musikarane:
Aage Kvalbein er rekna som ein av våre fremste musikarar i dag. Han har turnert over heile verda og har over 40 plateinnspelingar bak seg. I 1985 vart han professor i cello, og han har undervist ved Noregs Musikkhøgskule i ei årrekkje. Kvalbein har vunne ei rekkje prisar, bl.a. Spellemannsprisen og Grieg-prisen. Dei siste åra har han ved fleire høve samarbeida med sopran Maren Myrvold.

Maren Myrvold er utdanna klassisk songar og operasongar, og arbeider innen teater, opera og musikkteater. Myrvold er oppteken av tverrfaglege samarbeid på tvers av kunstform og sjanger, og av å finna nye rammer for den klassiske musikken. Saman med Marita Kjetland Rabben har ho duoen Mardraum, som utforskar dette aspektet gjennom eigne konsertproduksjonar.

Marita Kjetland Rabben er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har fleire faste ensemble, og produserer også eigne tverrkunstnariske framsyningar. Under masterstudia fordjupa Marita seg i russisk musikk, og i 2011 debuterte ho som solist med Trondheim Symfoniorkester i Rachmaninovs 2. klaverkonsert.