Lesediggfest med OPPDRAG ROMVESEN
Billettar
Om arrangementet
Kva gjer du når sjølvaste statsministeren gir deg eit hemmeleg oppdrag? Jakob har fått ei særs viktig oppgåve: Han skal passe på at nabojenta Ramona ikkje blir avslørt som romvesen. Det er lettare sagt enn gjort. Ramona finn nemleg på ting som ikkje er heilt normale for "vanlege" menneske.
Bli med når Lesedigg-klubben inviterer til fest saman med forfattarane Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde som har eit live rollespel på scena i biblioteket.
OPPDRAG ROMVESEN er ein populære lydbokserie for barn, no også ute i bokform på Samlaget. Dei to første bøkene, Den nye naboen og Universets vaktar, er rikt illustrerte av Jens Kristensen og passar særskilt godt for dei over 6 år. Både Ingunn og Christian har skrive eigne bøker og er kjende frå NRK Super.
Gratis framsyning - reserver plass ved å bestilla billett merka Gjest eller Gjest barn.
