Teater: Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
Billettar
Om arrangementet
Bli med Kåre og Marimba på teater!
Kåre og Marimba er bestevener, sjølv om interessene deira er heilt ulike. Men no har dei ein felles plan: Dei vil finne opp noko ingen har tenkt på før!
Saman med ein sprø nabo så byggjer dei ei maskin som kan laga alt mogleg rart, frå austeuropeiske vræleugler til iskrem med hundre ulike smakar. Men medan dei mekkar på denne fantastiske oppfinninga, så er det nokon som lurer i buskane...
"Kåre og Marimba finn ein oppfinnar" er bok nurmmer to av Markus Lantto og Camilla Kuhn, full av tøys, tulleoppfinningar og kaotisk kreativitet.
Teaterstykket passar godt for alle i alderen 4-99 år og er laga av gruppa TeARTig frå Valestrand i Sveio. Regi ved Marco Thomas.
Gratis framsyning - reserver plass ved å bestilla billett merka Gjest eller Gjest barn.
