Bjørn Eidsvåg

Om arrangementet

Bjørn Eidsvåg med band inntar Stord

I haust skal Bjørn gjera det han likar aller best, nemlig legga ut på turné og besøka landets krikar og krokar. Med seg til Stord har han sitt framifrå band og ein rikhaldig katalog med kjente og kjære låtar.

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterforestillinga "Etterlyst: Jesus" på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på atskillige festivalscenar, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utselt Noregsturné saman med Sigvart Dagsland. I haust besøker han Stord og Kulturhuset for å spela konsert. 

«Jeg og bandet ser stort frem til å innta Stord Kulturhus. I disse tider er det ekstra fint å møte publikum. Gamle låter skal pusses opp og kjente sanger skal spilles som de er. Blir moro!», forteller Eidsvåg. 

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skreve ei rekke udødelege låtar som fleire generasjonar nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historiefortellar, noko som får publikum til å venda tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn og bandet er ei oppleving som egnar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkje og kulturhus.