Billettsalet

Billettkjøp på internett
På nettsida vår tilbyr me enkel og sikker kjøp av billettar, berre trykk "Kjøp"-knappen på ønskja arrangement. Du får då ein billett på mobilen, eller du kan skriva den ut heime.
Merk at det for kinoframsyningar er sal av billettar 7 dagar før framsyninga.  

NB! Frå 14.mai oppmodar me alle kundane våre om å kjøpa billettar på nett. Der blir ein bedne om å registrera namn fordi det skal vera mogeleg å ta kontakt i fall smitte av koronavirus. I Kulturhuset ønskjer me kontantlaus betaling.


Kontaktinformasjon
Telefon til billettsalet: 53 49 69 50
Det er til tider stor pågang av kundar i billettluka og desse har prioritet framfor telefonkundar. Er det ei framsyning du gjerne vil få med deg, rår me deg til å vera ute i god tid. Det er ikkje mogleg å reservera billettar på telefon eller kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga.

Reservering av billettar
Reserverte billettar til kulturarrangement må hentast 3 dagar etter reservasjon. Det er ikkje mogleg å reservera kinobillettar - du kan kjøpa på nettet eller i Kulturhuset 7 dagar før framsyninga.

Refusjon av billettar

Betalte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i billettluka. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Betalte billettar kan ikkje byttast til ei anna framsyning, eller til eit anna tidspunkt enn det som står på billetten. Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning.