Eventyrdans

Eventyrdans

Ordinær pris:Kr. 200,-
Pris barn:Kr. 120,-


DatoTidspunktPris v.Pris b.SalBillett
On 05. Maikl. 19:00200120StorsalenKjøp

EVENTYRDANS

Er'em ikke daue, så lever'em ennå!
Av Øyvind Jørgensen

Piken med svovelstikkene og Rødhette i ny og eventyrleg danseframsyning.

 

Med eit leikent og fysisk dansespråk har koreograf Øyvind Jørgensen henta materiale frå myter, segn og folkeeventyr. Me møter kjente eventyrskikkelsar og stiftar kjennskap med nye figurar med sine heilt eigne historier.

Som morsame, men også sårbare eventyrskikkelsar er det både skodespelarar og dansarar med på laget, mellom anna Katrine Bølstad, kjent frå Dansefeber og Oslo Nye Teater sin hip hop-versjon av Nøtteknekkeren. Biniam Yhidego er kjent frå Riksteatret som ein av røvarane i Kardemomme By, og skodespelar Terese Mungai var sist aktuell i den norske barnefilmen "Bestevenner". Den portugisiske utøvaren Mariana Ferreira er henta inn spesielt inn for dette høvet. Koreografen Øyvind Jørgensen har tidligare hausta strålande kritikk for danseframsyninga Peer Gynt nr. 371, som var på Riksteaterturné i 2006.

Koreografi/regi: Øyvind Jørgensen. Regiassistent/prøveleiar: Tinken Laurantzon. Konsept/manus: Øyvind Jørgensen og Tinken Laurantzon. Scenografi: Øyvind Jørgensen og Anna Widén. Musikk: Petter Wiik Biletkunstnar/video/foto: Anna Widén. Kostymedesign: Silje Fjellberg Lysdesign: Ruth Marie Bottheim.

 

 

 

 

Det regner kjøttboller Rune Andersen: Litt av en mann Rødt som himmelen Stordfest - Skjergardstur