Kunst
| Ordinær pris: | Kr. 200,- |
| Dato | Tidspunkt | Pris v. | Pris b. | Sal | Billett |
|---|---|---|---|---|---|
| Må 12. Apr | kl. 19:00 | 200 | Storsalen | Kjøp |
KUNST av Yasmina Reza Internasjonal komediesuksess om menn som snakkar forbi kvarandre og om vennskap som blir sett på prøve Turnépremiere på Stord 12. april.
Produsert av Den Nationale Scene. På turné med Riksteatret.
Vennskapen mellom de tre mennene Marc, Serge og Ivan blir sett på prøve når den vellykka legen Serge har gått til innkjøp av eit tilsynelatande helt kvitt lerret til den nette sum av ein halv million kroner. Det einsfarga biletet utløyser eit hav av reaksjonar i den vesle vennekrinsen.
Korleis kan ein vera ven med nokon som brukar så mykje pengar på noko som, enkelt og greitt er "noko skit"? Og korleis overlever vennskapen når ein ikkje respekterer kvarandre og vala ein tek?
Kunst har fått heile verda til å le etter å ha blitt spela i fleire år på både Broadway og West End, og forfattar Yasmina Reza mottok i 1995 den prestisjetunge franske Molière-prisen for stykket. Etter premieren i Bergen i 2008 skrev kritikarane:
"Vanvittig morsom" VG (terningkast 5)
"Underholdende og treffsikkert teater" Aftenposten
"En virkelig morsom komedie" Dagbladet
"Lysende scener med flott verbal skyggeboksing" Bergens Tidende
Med Jon Ketil Johnsen, Bjørn Willberg Andersen og Stig Amdam.
Av Yasmina Reza. Omsett av Christine Amadou. Regi: Bjarte Hjelmeland. Scenografi og kostymedesign: Ingeborg Kvamme. Scenografisk assistanse: Pål Dixon Sandberg. Lysdesign: Geir Hovland.
Rett etter framsyninga av KUNST opnar kunstutstillinga frå Nasjonalmuseet:
GEORGE OSODI "OIL RICH N&N" i Kunsthallen




