Sangen om den røde rubin

Sangen om den røde rubin

Ordinær pris:Kr. 300,-


DatoTidspunktPris v.Pris b.SalBillett
To 08. Aprkl. 19:00300StorsalenKjøp

Av Morten Borgersen. Fritt etter Agnar Mykle

Ein av noregshistorias mest omstridde romanar blir teater.

Å gi scenisk liv til Agnar Mykles Sangen om den røde Rubin er ikkje noko liten utfordring. Siste halvdel av 50-talet hadde alle eit forhold til "Rubinen", og historia om Ask Burlefot si søkande reise inn i vaksenlivet blei lesen i smug under dynene over heile landet. I Riksteatret sin sceneversjon spelar Mattis Herman Nyquist Ask Burlefot, og Embla vert spela av Line Verndal frå "Himmelblå".

Kvifor skal me absolutt elska kvar gong me elskar? skreiv Agnar Mykle i ein kommentar til 50-talets syn på at sex var avgrensa til ekteskapet. I boka tok unge Ask Burlefot føre seg av gledene livet baud han. Romanen blei sterkt kritisert og gjenstand for ei omfattande og opprivande rettssak. Boka blei forboden, og rettssaka mot Agnar Mykle står som et symbol på 50-talets puritanske samfunn.

Kva er det med denne Ask som me mislikar, men som mei djupast sett kjenner oss att i? Ein ung mann på sporet av seg sjølv, som ikkje kan anna enn å leita etter seg sjølv, som ikkje kan anna enn å leita etter kjærleiken, den røde rubin.

Regissør Morten Borgersen har tidlegare laga teater av Lasso rundt fru Luna, Den første boka til Mykle om Ask. Med musikk av Anne Grete Preus og Kjetil Bjerkestrand og koreografi av Ingun Bjørnsgaard kan dette bli ein av vårens store teateropplevingar.

Med: Mattis Herman Nyquist, Bjørn Skagestad, Line Verndal, Yngve Bjørn Berven, Mari Baade, Julia Schacht og Ida Cecilie Klem.

Luftslottet som sprengtes STRENGT HEMMELIG Menn som hater kvinner Chris Thompson & Mads Eriksen Band Rødt som himmelen Stordfest - Skjergardstur En helt vanlig dag på jobben