Yadon Ilaheyya / Divine Intervention - a chronicle of love and pain
Gud griper inn
Mild satire og krass kritikk frå trykk-kokaren i midt-austen. Ei kjærleikshistorie mellom ein palestinsk mann i Jerusalem og ei palestinsk kvinne i Ramallah. Mannen vekslar mellom å passa sin sjuke far og pleia kjærleiken. Han prøver å halde liv i begge. På grunn av den politiske situasjonen er kvinna forhindra frå å forlata Ramallah. Sidan dei ikkje kan kryssa den israelske kontrollposten mellom dei to byane, må paret møtast på ein aude stad like ved sida av. For å takla presset av beleiringa og bevara kjærleiken leikar paret med fantastiske fluktplanar. Fortrengt begjær er i ferd med å bringa fram valdeleg gjengjleiing og dei sinte hjartene deira slår tilbake med kraftfulle salver av spektakulær fantasi. Les meir...
Fra 16.03.2010
Asfaltenglene
Det er ferie og 12-åringane Maja, Rikke og Ohna driv dank på Ohnas familierestaurant Saigon House. Dei har store ambisjonar om å ikkje løfta ein finger denne sommaren, men så dukkar politiet opp og finn narkotika gøymt i restauranten sitt kjølelager. Saigon House vert stengd og Ohnas storebror blir arrestert. Jentene veit at han er uskuldig men han kan ikkje sleppast ut av fengsel før narkotikaligaen er avslørt. -Asfaltenglene tar saka. Les meir...
Fra 19.03.2010
Cloudy with a chance of meatballs
Det regner kjøttboller
Inspirert av Judi og Ron Barretts bestselgjande barnebok, serverer Sony Pictures Animation deg "Det regner kjøttboller" (Cloudy with a chance of meatballs) med data-animasjonseffektar du aldri har sett før, laga av Sony Pictures Imageworks. Ein kjempemorosam komedie om eit ungt geni som må redda verda då matoppfinningane hans klikkar og fører til at kjøttboller på storleik med Cadillacar og mais store som Eiffeltårnet fell mot jorda. Les meir...
Fra 19.03.2010
How to Train Your Dragon
Dragetreneren
Frå studioet som brakte deg "Shrek", "Madagaskar" og "Kung Fu Panda", kjem no "Dragetreneren". Les meir...
Fra 20.03.2010
Rosso come il cielo
Rødt som himmelen
"Rød som himmelen" er den utrulege, men sanne historia om livet til Italia sin mest kjente lydteknikar Mirco Mincacci. Han har arbeide for ei rekkje av ei store regissørane innan Italiensk film. Michelangelo Antonioni og Marco Tullio Giordana er to av dei. På mange måtar er Mirco ein typisk 10 årig gut, kvalpete og med ein svært kort interesseterskel. Det eine sekundet leikar han med ein snurrebass og eit nanosekund seinare spring han nedover gata på jakt etter den neste mest morosame tingen. Mirco er det einaste barnet til dei kjærlege foreldra som lever på den idylliske Toskanske landsbygda: Det skjer aldri noko stygt bortsett frå nokre skrubbsår og ein smadra kopp. Så ein kveld øydelegg eit vådeskudd (på grunn av barnleg nyfikne og tankelause) Mirco sitt syn. Les meir...
Fra 26.03.2010
Alice In Wonderland
JOHNNY DEPP har rolla som The Mad Hatter og MIA WASIKOWSKA som 19-årige Alice som kjem tilbake til den merkelege verda ho møtte første gong då ho var barn, og møter igjen barndomsvennene: White Rabbit, Tweedledee og Tweedledum, Dormouse, Caterpillar, Cheshire Cat og, sjølvsagt, The Mad Hatter. Alice legg ut på ei fantastisk reise for å finna den sanne skjebna si og setta ein stoppar for The Red Queens terrorvelde. Blant dei andre stjernene i denne stjernespekka filmen møter me ANNE HATHAWAY, HELENA BONHAM CARTER og CRISPIN GLOVER. Manusforfattar er Linda Woolverton. Les meir...
Fra 27.03.2010
Lourdes
Miraklet i Lourdes
I "Miraklet i Lourdes" møter me menneske som håpar og trur, men som likevel er smålege nok til å gremmastover at miraklet landar på andre enn dei sjølv. Christine er ei ung kvinne som er ramma av multippel sklerose. Ho er lenka til rullestolen og kjem seg heimefrå berre om ho melder seg på turar av kulturell eller kristeleg art. Tidligare har hon vore i Roma og no går turen til Lourdes, staden der eitt av dei mest namngjetne mirakler i Frankrike og i katolisismen fann stad, og eitt av katolisismens mest navngjetne mirakler. Steden trekkjer visstnok fem millionar besøkjande årlie, mange av dei er pilegrimar som håpar på helbreding. Christine er ikkje truende. Hun vil berre vera med på eittt eller anna der ho kan treffa folk. Ho møter alle med eit fantastisk smil som skjuler kor usikker ho er, eller ko ho lengtar etter livet. Ho får tildelt en ledsager som er mest oppteken av sine eigne kjærleikseskapadar og ho er omringa av pilegrimar som heile tida let seg oppildna av rykter om mirakler og håpar at neste mirakel skal vederfarast dei sjølv. Les meir...
Fra 28.03.2010
Être et avoir
Å være og ha - en hyllest til livet
Sensasjonsfilmen som har gått sin seiersgang over heile Europa. Ein stillfaren dokumentar om ein lærar og elevane hans på ein liten bygdeskule. I ett år følgde dokumentaristen Nicolas Philibert livet på landsbyskulen Saint-Etienne sur Usson i Frankrike. Tolv barn mellom fire og ti år samlast kvar dag i klasserommet til Georges Lopez, ein dedikert lærar i 60-åra. Her lærer dei med lyst og glede å lesa, skriva, rekna og bli store. Med stille autoritet rettleiar og oppmuntrar Lopez elevane, open for deira forskjellige behov. Ei kjærleiksfulll skildring av læringens kunst og den dramatikken som utspelar seg i eit klasserom. Les meir...
Fra 30.03.2010
En helt vanlig dag på jobben
Filmen byggjer på tidlegare Se & Hør-journalist Håvard Melnæs si bok med samme namn og er historia om ein ung journalist i landets leiande sladreblad, som bytta ut høge ideal med feit løn og tvilsame arbeidsmetodar. Les meir...
Fra 09.04.2010
Wall Street 2: Money Never Sleeps
Fra 23.04.2010
Prince of Persia
Fra 19.05.2010













