Scandinavian Collaboration Tour - Vol. II
| 03.09.2010 | 16:30 | Vestibylen |
Ali Baba
"Sesam, sesam, lukk deg opp!" Velkommen til ei fargerik familieframsyning frå 1001 natt.
Møt den fattige vedhoggaren Ali Baba, som finn ein hemmeleg skatt i hola til røvarane. Saman med tenestejenta Morgana og eit elskovssjukt esel lurer han røvarhovdingen og dei førti røvarane.
Med Agnar Mykle si dramatisering og fantasifulle dokker er dette ein eksotisk forestilling som byr på mykje uhøgtidleg humor - like morosam for vaksne som for barn. Framsyninga er eit framhald av Riksteatret si nye storsatsning på dokketeater.
Høver for barn frå 5 år. Speletida er 50 minuttar.
Med: Christine Stoesen, Bo Anders Sundstedt, Sarah Christine Sandberg, Kristin Aafløy Opdan, Terje Halsvik. Dramatisert av Agnar Mykle. Regi: Øyvind Osmo Eriksen. Scenografi: Nora Furuholmen. Dokkedesign: Tatjana Zaitzow. Koreografi: Ida Wigdel. Musikk/lyddesign: Øyvind Osmo Eriksen. Lysdesign: Joakim Moe Røysland.
| 11.09.2010 | 18:00 | Storsalen | Kjøp |
Eventyrstund
| 15.09.2010 | 10:00 | Biblioteket | |
| 13.10.2010 | 10:00 | Biblioteket | |
| 03.11.2010 | 10:00 | Biblioteket | |
| 24.11.2010 | 10:00 | Biblioteket |
Rolf Nesch - ein gafikar utanom alfarveg
Rolf Nesch vart fødd i 1893 i Ober-Esslingen, Württemberg i Tyskland. Han var allereie ein høgt respektert kunstnar Han hadde ein svært vanskeleg fyrste periode i Noreg, men etterkvart fekk han den respekten han fortente, Han hadde ein enormt stor produksjon som omfattar både grafikk, materialbilete, måleri, skulptur og teikningar. I 1950 gifta han seg med skodespelarinna Ragnhild Hald og kjøpte året etter garden Rud i Ål.
i heimlandet då han i 1933 flykta frå nazi-Tyskland og kunstsynet til nazistane og kom til Noreg.
og han fekk snart stor innverknad på den yngre generasjonen kunstnarar her i landet. Nesch er internasjonalt kjend
som ein av dei store fornyarane innan grafikken, med metodar som gjennometsing og metallgrafikk.
Nesch var særleg kjent for å lage grafikkseriar med fleire motiv av same tema. Døme på dette er seriane
"St. Pauli", "Hamburger Brücken", "Karl Muck og hans orkester", "Sne" og "Lofoten .
Han døypte garden om til Ragnhildrud, og her budde og arbeidde han resten av livet sitt.
Rolf Nesch døydde i 1975.
Denne vandreutstillinga omfattar 40 grafiske blad og to trykkplater og er tilrettelagt for turné av Nasjonalmuseet.
Kurator er Sidsel Helliesen, seniorforskar ved Nasjonalmuseet.
Skuleelvar på Stord får no oppleva utstillinga med formidlar og workshop på dagtid. Stord kunstlag sørgjer for at ho vil vera open for publikum elles.
Les meir...
| 22.09.2010 | 18:00 | Kunsthallen |
Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"
Hordaland Teater presenterer: OLE BULL: ”Jeg bygger luftslott”
Opplev den dramatiske historia mellom Ole Bull og hans unge kone Felicie.
| 28.09.2010 | 19:30 | Storsalen | Kjøp |
Lang dags ferd mot natt
Denne framsyninga er UTSELD ! Eit eineståande lag skodespelarar med Liv Ullmann i spissen.
Liv Ullmann, Bjørn Sundquist, Anders Baasmo Christiansen, Pål Sverre Valheim Hagen og Viktoria Winge har takka ja til å spela mot kvarandre i Riksteatret si oppsetting av Lang dags ferd mot natt, i regi av Stein Winge.
I Lang dags ferd mot natt får me vera vitne til eit oppgjer mellom mor og far og to vaksne søner i familien Tyrone, i løpet av eit skjebnesvangert døgn. Stykket er skrive av Eugene O´Neill, og likskapen med tragedien i hans eigen familie var så openberr at han sette ned forbod mot at stykket skulle framførast før 25 år etter at han var død. Lang dags ferd mot natt vert av mange rekna som den ypperste av dei amerikanske klassikarane.
Stykker er omsett av Svein Selvig. Instrukør Stein Winge. Scenograf og kostymedesigner John-Kristian Alsaker. Lysdesigner Morten Reinan. Lyddesigner Lars Årdal. Dramaturg Bibbi Moslet. Regiassistent Thomas Seeberg Torjussen
Les meir...| 10.11.2010 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |
FRIKAR
Med framsyninga KRUK! skal dansekompaniet Frikar visa Noreg at hallingdans ikkje er for pingler. Med røtene godt planta i norsk folkemusikktradisjon kombinerer dei halsbrekkande stunt, akrobatikk og break dance i eit show fullt av energi og danseglede.
Frikar har ei lang rekke suksessar bak seg med opptreden på Festspela i Bergen, Operaen i Bjørvika og Verdsutstillinga i Shanghai og ikkje minst frå seieren med Alexander Rybak i Melodi Grand Prix. Etter premieren i Operaen skreiv pressa:
"En eksplosjon av en forestilling" VG
"Her kobles folkedans med break og sirkusakrobatikk. Selve poenget er å imponere, overraske og ikke minst glede" AFTENPOSTEN
"Halling pakket inn i underholdende hip-hop utført av slike gutter som gamle Norge vil ha" DAGSAVISEN
Koreografi Hallgrim Hansegård. Musikk Andreas Ljones. Scenografi og animasjon Hallgrim Hansegård. Lysdesign Torkel Skærven.
Les meir...| 19.11.2010 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |
Nordic Tenors: Christmas Special 2010
Det vert ikkje noko ekte jul før Nordic Tenors strør musikalsk stjernestøv over frosne vinterhjerter. Med sine klokkeklare stemmer, serverar dei eit funklande nytt juleshow spekka med julestemning og varm humor.
Les meir...| 14.12.2010 | 18:00 | Storsalen | Kjøp |
Pernille Sørensen "Flink pike"
Fredag 3. september har Pernille Sørensen premiere på soloframsyninga "Flink pike" på hovudscena på Latter i Oslo !
Alt torsdag 16. desember kan ho opplevast i Stord Kulturhus.
Me kan utan problem kalla Pernille Sørensen ei av dei mest morosame kvinnene i landet. Ho er ein sjølvsikker og intelligent komikar som veit korleis ho skal halda publikum i si hole hand frå første til siste stund. Mange kjenner henne frå Løvebakken og Melonas på NRK, men det er på standup-scena ho verkeleg briljerer.
Tekstdoktor er Are Kalvø.
Les meir...
| 16.12.2010 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |













