Tor med Hammeren
Den unge smeden Tor drøymer om storheit, ære og respekt, men mor hans har andre og meir praktiske planar for han. Ifølge legenda er han son av Odin, gudane sin konge, og landsbybuarane trur at dei lever under Odin sitt guddommelege vern. Det ingen veit er at Hel, underverda si herskerinne, har onde planar som set både mennesker og gudar sine liv i fare. Ved eit reint tilfelle, eller kanskje det er skjebna, endar verdas mektigaste våpen, hammaren Mjølner, opp i Tor sine hender. Når kjempar går til angrep og blant anna fangar Tor sin beste venn Edda, må han ta affære og få kontroll over både sine eigne tankar og sin nye venn, for å stå i mot dei mørke kreftene. Les meir...
| 18.05.2012 | 18:00 | Storsalen | Kjøp |
| 20.05.2012 | 17:30 | Storsalen | Kjøp |
| 23.05.2012 | 18:00 | Småsalen | Kjøp |
| 24.05.2012 | 18:00 | Småsalen | Kjøp |
| 27.05.2012 | 18:00 | Småsalen |
The Avengers 3D
Marvel Studios presenterer "Marvel's The Avengers" - tidenes team med ikoniske Marvel superheltar som Iron Man, The Incredible Hulk, Thor, Captain America, Hawkeye og Black Widow. Når ein uventa fiende truer den globale tryggleiken, må Nick Fury, direktør for det internasjonale fredsbevarande byrået S.H.I.E.L.D., finna eit team som kan redda verda frå randa av katastrofe. Ein dristig verdsomfattande rekruttering vert iverksett. I hovudrollane finn me Robert Downey Jr., Chris Evans, Mark Ruffalo, Chris Hemsworth, Scarlett Johansson, Jeremy Renner og Tom Hiddleston, og dessutan medverkar Stellan Skarsgård og Samuel L. Jackson. "Marvel's The Avengers" er skriven og regissert av Joss Whedon, og basert på den populære Marvel-tegneserien 'The Avengers,' først publisert i 1963 og sidan då anerkjend som ein teikneserie-institusjon. Gjer deg klar for ein spennande og hendingsrik film, fullpakka med action og spektakulære spesialeffektar når superheltane i 'Marvel's The Avengers' samlast sommaren 2012. Les meir...
| 18.05.2012 | 18:30 | Småsalen | Kjøp |
| 20.05.2012 | 20:30 | Småsalen | Kjøp |
The Dictator
Ny komedie med Sacha Baron Cohen, mannen bak "Bruno" og "Borat". Sacha Baron Cohen og regissøren Larry Charles, teamet bak Brüno og Borat, er tilbake med ein ny ellevill komedie. I The Dictator, inspirert av Saddam Husseins roman Zabibah and the King, spelar Baron Cohen ein diktator som har tatt alle midlar i bruk for å hindra at demokratiet kjem til landet han så kjærleg har undertrykt. Så ein dag får han høve til å reisa til New York, der ei ny verd opnar seg. Ikkje minst når han møter kjærleiken i form av ein forhandlar av organiske grønsaker (Anna Faris). Les meir...
| 18.05.2012 | 20:00 | Storsalen | Kjøp |
| 19.05.2012 | 14:00 | Småsalen | Kjøp |
| 20.05.2012 | 20:00 | Storsalen | Kjøp |
| 22.05.2012 | 19:00 | Småsalen | Kjøp |
| 23.05.2012 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |
| 24.05.2012 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |
| 25.05.2012 | 19:00 | Storsalen | Kjøp |
| 26.05.2012 | 16:30 | Storsalen | |
| 27.05.2012 | 18:30 | Storsalen |
Chinese take-away
Chinese Take-away
Roberto er ein ganske einsam og litt sær mann som driv ein jernvarehandel. Han samlar òg på underlege nyhende, som han klippar ut av avisene og limar inn i album. Mari, systera til naboen, elskar han, men Roberto er alltid unnvikande. Ein dag ser Roberto ein kinesar som vert kasta ut av ein taxi. Kinesaren, som heiter Jun, snakkar ikkje eit ord spansk, men har ei adresse tatovert inn på armen. Roberto tek Jun med seg til denne adressa, men onkelen som Jun søker, har flytta. Roberto let Jun bu hjå seg medan dei prøver å finne ut kvar onkelen er blitt av. Korkje politi, den kinesiske ambassade eller nokon i det kinesiske kvarteret kan hjelpe dei. Til slutt finn han ein kinesisk pizza-sjåfør som kan oversette for han, og slik får han vite om Jun sine dramatiske opplevingar.
Filmen har vore ein enorm publikumssuksess i Sør-Amerika og Spania, og har dessutan vunne ei rekkje prisar på filmfestivalar; både Hovudprisar og Publikumsprisar(sist i Roma og Mannheim-Heidelberg), samt at den nyleg fikk Goya-prisen for beste Ibero-Amerikanske film i Spania.
Les meir...
| 20.05.2012 | 18:00 | Småsalen | Kjøp |
Men in Black 3 (2D)
| 25.05.2012 | 20:30 | Småsalen | Kjøp |
| 27.05.2012 | 21:00 | Småsalen |
Men in black 3 (3D)
Etter at agent Kay (Tommy Lee Jones) har trukke seg tilbake frå intergalaktiske politioppdrag, er det ein tøffare og meir bråkjekk agent Jay (Will Smith) som er tilbake, konstant på alerten, iherdig arbeidande med å få has på korrupt utenomjordisk aktivitet og halde den i sjakk i New Yorks travle storbygater. Les meir...
| 25.05.2012 | 21:00 | Storsalen | Kjøp |
| 26.05.2012 | 17:00 | Småsalen | |
| 27.05.2012 | 20:30 | Storsalen |










