Om huset


Her finn du følgjande informasjon om huset:

1. Generell informasjon
2. Opningstider
3. Telefontid
4. Lokale


1. Generell informasjon

Stord kulturhus vart oppført i 1978 og har i dag status som eit regionalt kulturhus. Aktivitetsnivået veks stadig og femner vidt, og me legg vekt på å vera eit inkluderande og levande hus for alle aldersgrupper. Stord kulturhus er drifta av Stord kommune.

Desse kommunale tenestene har fast tilhaldsstad i Stord kulturhus:
- Eining for kulturtenester
- Stord folkebibliotek
-
Stord kulturskule


2. Opningstider

Stord kulturhus har følgjande faste opningstider:

Måndag til torsdag 08:30 - 22:00
Fredag 8:30 - 23:00

Laurdag 09:30 - 22.00
Sundag 15:30 - 23:00

Merk at dette er dei faste opningstidene for huset. Det kan vera endringar i høve desse tidene når det er høgtid eller ferietid. Sjå etter særskilte oppslag om dette på framsida til Stord kulturhus.

 

 



Opningstidene for billettsalet.


3. Telefontid 

Telefontida til kulturtenester og administrasjonen for kulturhuset er som følgjer:
Måndag til fredag 08:00 - 15:00

Telefonnummeret til sentralbordet er 53 49 69 50.
Ynskjer du å ringja administrasjonen før klokka 09:00 må du nytta direktenummer.


4. Lokale

Stord kulturhus er mykje nytta av både lokale og eksterne lag og arrangørar. Her er ei oversikt over dei lokala som du finn i huset:

1. etasje:
- Storsalen. Teater-, konsert- og kinosal. Fast spelestad for Riksteatret. Kapasitet: 408 seter. Tilhøyrande garderobeanlegg med 3 sminkeceller.
- Småsalen. Kino- og konferansesal. Kan og nyttast til mindre konsertar. Kapasitet: 136 seter.
- Symjehallen. Offentleg badeanlegg og treningsanlegg for symjegrupper.

Underetasje:
- Kunsthallen. Utstillingslokale som og kan nyttast til konsertar, møter e.l. Kapasitet: ca. 150 personar.
- Kultursenteret. Møte/festlokale med tilhøyrande kjøken og dansesal. Kapasitet: 35-40 personar.

2. etasje:
- Møterom 1. Møterom med whiteboardtavle. Kapasitet: 25 personar.
- Møterom 3. Kapasitet: 14 personar.
- Møterom 5. Kapasitet: 20 personar.
- Stord folkebibliotek
- Kulturadministrasjon/ eining for kulturtenester
- Administrasjonen til Stord kulturskule

Informasjon om utleige.

Illustrasjon4

Tor med Hammeren The Dark Knight Rises Kurt Nilsen - Norsk aften Teddy og Marian Men in black 3 (3D) Prometheus (3D) The Amazing Spider-Man (3D)