Stord filmklubb

Logo for Stord filmklubb

Stord filmklubb har sidan 2008 hatt faste visningar i småsalen i Stord kulturhus, og er ein open klubb for alle som har fylt 15 år. 

Billettpris er kr. 60, og dette inkluderar medlemsskap i Stord filmklubb. 
Spesialpris for vidaregåande elevar: kr. 30,-!
Medlemskortet er gyldig ved alle filmklubbar og Cinematek i Noreg som er tilknytta Norsk Filmklubbforbund. Det vil seie at dersom du har medlemsskap ved ein anna filmklubb ein Stord, kan du nytta kortet ditt her og! Eit medlemskap gjeld for eitt halvår.

Program for våren 2010.
Programomtalar i pdf. format (ja, det er berre å klikka!)

Hausten 2010 blir Stord kino digitalisert, og me er enno usikre på kva dette vil ha å seia for filmklubben.


Kort introduksjon om Stord filmklubb
I vedtektene til Stord filmklubb står det at formålet vårt er å fremja interessa for film som kunstart og bruka film som eit kulturhistorisk hjelpemiddel. Å visa fram den rike filmhistoria er folkeopplysing og eit danningsprosjekt. Også blockbuster-filmar låner referansar til meir obskure filmar. Ein tur i filmklubben kan forhåpentlegvis gje meir utbyte av også nye filmar.

Informasjon om klubben
Stord filmklubb er ein frivillig organisasjon som rett og slett omfattar personar med interesse for film! Med utdrag frå den rike filmhistoria ynskjer me å synleggjera filmen som eit unikt og kreativt medium som gjerne ikkje berre er til for underhaldning. 

35mm film står framleis i ei særstilling i høve kvalitet, og kan by på ei anna og "varmare" oppleving enn det å sjå film på kalde digitale medium. Å visa i film i eit slikt format er ikkje nett rimeleg (pakkar på rundt 20 kilo!), så ei forutsetning for drifta er å ha støtte. Me er så heldige å få denne støtta av Stord kommunale kino. Ei stor takk til kinosjefen og dei dyktige kinomaskinistane som gjer dette mogleg!

Programmeringsarbeidet vert gjort før semesterstart to gonger i året. Her kan alle medlemmar i filmklubben koma med forslag, og det blir og invitert til programmøte. Omtalar blir skrive av styret, men medlemmar som ynskjer får sjølvsagt lov å delta med dette og!

Kontaktinformasjon Stord filmklubb:
stord.filmklubb@gmail.com

Styret i Stord filmklubb:
Gunhild Aksdal - grafikar
Solveig Meyer Eide - kasserar/ sitatkunstnar
Svein Olav Langåker - leiar
Anette Mjøs (vara) - skrivar
Trond L. Onarheim - filmtingar
Mónica Sánchez - skrivar
Joar Ness Valvatne - skrivar

Knerten gifter seg Fritt vilt III Eventyrstund Inception Ole Bull: "Jeg bygger luftslott" Kommandør Treholt & Ninjatroppen Rolf Nesch - ein gafikar utanom alfarveg Lang dags ferd mot natt