Festivalar
Barne og ungdomsteaterfestivalen 23 - 25. mars
Fredag 23.mars
18.30 Den 16. rottekrigen (Stord kulturskule)
Dette stykket blir spela av dei to yngste elevgruppene frå Stord kulturskule sine dramaklassar. Der møter ein rottefamilien Freion, flua Fredrik og hæren hans. Det er ein kamp for å overleva i ei ureina verd. Den største trusselen er menneska. (Frå 4 år )
20.30 Spenning i lufta (Lindås Ungdomslag)
Syngespelet er skrive i moderne eventyrform. Det fokuserer på det ansvaret den einskilde har for eigen seksualitet og bruk av prevensjon. Med nok kunnskap kan ein henda sleppa å måtta ta det vanskelege valet som oppstår ved ein uønska graviditet. (Frå 12 år )
Laurdag 24.mars
10.00 Nisse på ville veier (Stord Teaterlag)
I Stord Teaterlag tok 60 born og unge til med å øva på dette stykket 23.august 2011. Premieren var 3. desember. Foreldrelaget har gjort ein framifrå jobb med kulissar, kostyme, sminke, servering og marknadsføring. Dei er alle med og gjer dugnad under heile festivalen.
”Nisse på ville veier” er forteljinga om Nisse og hans familie. Nisse har mista hukommelsen og veit ikkje ein gong kven han er. (Alle)
12.15 Anne Frank (Tysvær)
Handlinga føregår i Nederland under 2. verdskrig. Eit trongt loft, fullt av folk. Her må dei vera saman heile tida. Dei er redde for at nokon skal høyra dei. Heldigvis har Anne ei dagbok ho kan tru seg til. Ho skriv om livet, draumane og håpet om ei betre framtid. ( Frå 12 år )
14.20 Jane Blonde i Hakkebakkeskogen eller lenket til Thorbjørn Egner (Bergen kulturskole, Haugatun 1)
Førestillinga er ei prøve på førestillinga ”Hakkebakkeskogen”; men prøvane blir heile tida sabotert. Til slutt tar skodespelarane kontakt med den kjende agenten Jane Blonde for å finna ut kven som prøver å øydeleggja førestillinga.
Nokre av dei kjende songane frå Hakkebakkskogen er med, men i noko annleis form. Denne framsyninga vart laga og sett opp i samband med at det er 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd. Skodespelarane er frå 10 til 13 år. (Alle)
15.30 Løsøre og andre løsninger (Haugesundsscenen)
Stykket er eit musikkspel. Ida er ei jente som ikkje har det heilt enkelt. I draumen reiser ho til ein skog der ikkje alt er som det plar vera. Dyra ho møter er usikre og redde. Dei vil helst vere kaninar alle saman, for det har sjefen i Kvitretreet sagt er topp. Ida er først overraska over det ho ser der, men så vil ho hjelpa litt til. (Frå 10 år )
16.50 En midtsommernatts drøm (Askøy ungdomslag)
Spelet er ein romantisk komedie. Shakespeare i vår tid – ei modernisert framføring av klassikaren. Her er det intrigar i kjærleik, mellom menneske, alvar og smådjevlar om kvarandre. Mykje rart kan skje i løpet av ei midtsommarsnatt! (Alle)
20.30 Teaterfestivalshow
Song, dans, sjonglering og gitarspel av Elin Skorpen, Lea Standal, Fridar Malmsten Steinkopf, Thea Løbø Alfarnes, Veslemøy Flotve og Simen Ervik. (Alle)
Sundag 25. mars
9.00 Thor, Loke og Jotnene (Askøy Ungdomslag)
Dette er historia om då Thor mista hammaren sin, Mjølner. Den hamna i hendene på Trym, Jotnekongen. Heile Åsgård er i fare og hammaren må vinnast att for einkvar pris. (Alle)
10.40 Prinsessen på fjerten eller å smi lenker ( Bergen kulturskole, Hordvik sfo)
Elvis blir sendt ut for å finna seg ei skikkeleg prinsesse. Han drar ut i verda i lag med hesten Trigger. På vegen treff han mange forskjellige prinsesser, men det er ikkje lett å finne den rette. Etter at han har kome seg vel heim, dukkar det opp ei fisefin prinsesse. Førestillinga er laga gjennom improvisasjon rundt det kjende eventyret ”Prinsessen på erten”. (Alle)
11.50 Håper dere finner linker og lenker (Bergen kulturskole, Haugatun 2)
Denne framsyninga er sett saman av ulike små opptrinn og scenar. Me treff nokre som ventar på det uunngåelege, Gud som skapa menneske, Jesus som vil ned frå korset, jorda si undergong, ein som ikkje vil reisa seg på bybanen, løysinga på Hellas sine økonomiske problem og kan hende ei song. Den raude tråden er mannen med ljåen, gamal dame med gåstol og ein makk. (Frå 12 år)
13.00 Sofies bursdag, basert på boka SVK av Roald Dahl ( Vestlandske Teatersenter)
Med utgangspunkt i boka av Roald Dahl, har teatergruppa funne fram til sine karakterar. Sofie blir 9 år, og han som skulle underhalda blir sjuk. Kva skal dei gjera då? Dei bestemmer seg for å leika SVK! Dei leikar handlinga og spelar rollene frå den spanande boka om SVK (Store Venlege Kjempe). SVK Må reisa til dronninga av England for å varsla om dei farlege kjempene som har tenkt å galoppera av garde for å gafla i seg menneskebønner over heile verda! Kvifor kan ikkje Kjøttstykketyggaren, Blodgulparen, Knokkelknusaren, Gorillaglefsaren, Barneknaskaren og Biffsiklaren ete agurkulurar slik som SVK? (Frå 12 år )
Falturiltu (i veke 45)
Den første og einaste nynorske barnebokfestivalen i verda. Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen har gjerne hatt eit ord for seg for å vera velskriven, morosam, gjerne ironisk, poetisk og på eit høgt litterært nivå. Her er det førestillingar for barn og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar og illustrasjonsutstilling. Festivalen blir avvikla andre veka i november. Festivaldiktaren i 2011 var Ingelin Røssland og temaet var "tøff i trynet". I 2012 er Ragnar Hovland festivaldiktar.









