Billettsalet
Her finn du informasjon om følgjande:
1. Opningstider i billettsalet
2. Reservering av billettar
3. Billettkjøp på internett
4. Kontaktinformasjon
5. Refusjon av billettar
1. Opningstider i billettsalet
Faste opningstider
Måndag 0900 - 1530
Tysdag til fredag 0900 - 2100
Laurdag 1000 - 1400
Sundag 1700 - 2100
Ved framsyningar utanom desse klokkesletta vil billettsalet opna 1 time og 15 minutt føre framsyninga slik at det er mogleg å henta reserverte billettar.
2. Reservering av billettar
Det er mogleg å reservera billettar til kultur- og kinoarrangement. Følgjande hentefristar gjeld alle typar arrangement:
3 dagar etter reservasjon
eller 1 time før (når det mindre enn 3 dagar att til framsyning)
Reserverte billettar til framsyningar må hentast innan 3 dagar etter reservasjonen er gjort. Dersom ikkje blir dei lagt ut for sal.
Er det berre 1-3 dagar att til framsyning og det framleis er billetter att, kan ein sjølvsagt tinga billettar. Men alle resterande reservasjonar til ei framsyning vert sletta 1 time før framsyning.
3. Billettkjøp på internett
På nettsida vår tilbyr me enkel og sikker kjøp av billettar, berre trykk "Kjøp"-knappen på ynskja arrangement. Du vil få opp eit bilete av salen der du sjølv kan velja sete (gjeld arrangement med plassbillettar). Billetten skriv du ut heime, du treng ikkje å henta denne i billettluka.
Skulle du få problem med utskrifta er det mogleg for billettsalet å henta ut billetten din. Hugs då å ta med det same kredittkortet som du nytta i kjøpsprosessen.
Merk at det for kinoframsyningar er sal av billettar 7 dagar føre framsyninga.
4. Kontaktinformasjon
Telefon til billettsalet: 53 49 69 50
Opningstidene i billettsalet finn du her.
Merk at det til tider er stor pågang av kundar i billettluka og at desse har prioritet føre telefonkundar. Er det ei framsyning du gjerne vil få med deg, rår me deg til å vera ute i god tid. Det er ikkje mogleg å reservera billettar på telefon eller kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga.
5. Refusjon av billettar
Betalte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i billettluka. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19.
Betalte billettar kan ikkje byttast til ei anna framsyning, eller til eit anna tidspunkt enn det som står på billetten.
Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning.








