Utstillingar



22.09.2010 - 24.10.2010
Rolf Nesch: Ein grafikar utanom allfarveg
Rolf Nesch

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Rolf Nesch vart fødd i Ober-Esslingen i Württemberg i 1893. Nesch flykta til Noreg i 1933, vart norsk statsborgar i 1946 og døydde i Oslo i 1975. Nesch er ein sentral og særprega kunstnar innan både norsk og internasjonal grafikkhistorie. Ein stor del av den varierte og omfangsrike produksjonen hans er prega av ei usedvanlege evne til å skape nye og bildemessig sterke uttrykk ved bruk av uortodokse materialar og metodar.

Utstillinga er basert på ei større utstilling som vart vist i Nasjonalmuseet (Nasjonalgalleriet) hausten 2009. Turnéutstillinga vil omfatta 40 grafiske blad og to trykkplate.

Utstillinga er på turné frå 2010 til 2011 og vil stå i Stord Kulturhus, kunsthallen frå 22. September til 24. Oktober.



16.11.2010 - 05.12.2010
Ingunn Fyllingen
Ingunn Fyllingen



























Ingunn Fyllingen karakteriserar bileta sine som abstrakte og ekspressive, og ho vil at bileta skal presentera idear og prosessar heller enn å representera ferdige førestellingar. Det at kunsten er i stadig endring er essensielt. Det har heilt konkret å gjera med hennar direkte måte å jobba på og som igjen kan knytast opp til korleis strukturane i samfunnet endrar seg.

 

Stord Fotoklubb

Utstilling i vestibylen 4/11 - 31/12


Skriften på veggen Wall Street: Money Never Sleeps Knerten gifter seg Fritt vilt III Pernille Sørensen "Flink pike" The Expendables Ali Baba Ole Bull: "Jeg bygger luftslott"